Kva for rettar har eg?

  • Skattemyndigheitene pliktar å gi rettleiing om utfylling av skjema og om regelverket som gjeld deg.
  • Du kan be om å få sjå saksdokumenta som gjeld fastsettinga av din skattepliktige inntekt.
  • Du kan la deg representere ved ein fullmektig, og gi vedkomande skriftleg fullmakt.
  • Er det feil i dei beløpa som står i skattemeldinga kan du sjøl korrigere skattemeldinga.
  • Vurderer skattekontoret å endre beløp du har gitt opp i skattemeldinga, skal dei sende varsel til deg og gi deg ein frist til å svare. Er du ueinig i den foreslåtte endringa, må du svare skattekontoret og fortelle kva du er ueinig i. Skattekontoret vurderer og avgjer kva som skal leggjast til grunn ved fastsettinga av din skattepliktige inntekt. Du skal alltid få eit skriftleg vedtak om fastettinga endres. Blir det ikkje nokon endring får du beskjed om det.