Kva gjer eg når eg har fått sjølvmeldinga?

Du må kontrollere at opplysningane som er utfylte på førehand, er rette. Er opplysningane feil eller det manglar opplysningar, må du endre i skattemeldinga.

Vil du endre opplysningane som er utfylte på førehand, må du fylle inn dei beløpa du meiner er rette og levere skattemeldinga seinast 30. april.

Hugs at du sjølv må føre opp standardfrådrag for utanlandsk arbeidstakar eller frådrag for kostnader ved å bu utanfor heimen din i utlandet (pendlarfrådrag). Du bør òg opplyse om kor lenge du har vore i Noreg i løpet av inntektsåret.

Har du ikkje endringar i den førehandsutfylte skattemeldinga, kan du la vere å sende den inn. Du blir då rekna for å ha levert skattemeldinga med dei førehandsutfylte opplysningane.

Har du saman med skattemeldinga fått ei førebels skatteutrekning som viser at du har betalt for lite skatt, slepp du å betale renter av restbeløpet dersom du betalar seinast 31. mai. Du finn informasjon om konto- og KID-nummer for innbetaling av tilleggsforskot på skattemeldinga. Ver merksam på at dersom du endrar inntekts- eller frådragsbeløp i skattemeldinga, blir òg sum skatt endra.