Plikt til å betale skatt i Noreg

Plikta til å betale skatt i Noreg følgjer norske skattereglar. Noregs rett til å krevje skatt av deg kan vere avgrensa av skatteavtalen mellom Noreg og heimlandet ditt.

Dersom du arbeider i Noreg for ein norsk arbeidsgivar, skal du alltid betale skatt i Noreg av all løn du får for dette arbeidet.

Omfanget av skatteplikta er avhengig av kor lenge du oppheld deg i Noreg i ein 12-månadersperiode eller ein 36-månadersperiode. I omtale av skatteplikta vil du møte to omgrep – «avgrensa skatteplikt» og «skattemessig busett».

Avgrensa skatteplikt

Er du i Noreg i ein eller fleire periodar som ikkje overstig:

  • 183 dagar i løpet av 12 månader eller
  • 270 dagar i løpet av 36 månader

er plikta til å betale skatt i Noreg avgrensa til løn frå den norske arbeidsgivaren din for arbeid i Noreg.

Skattemessig busett

Dersom du oppheld deg i Noreg i meir enn 183 dagar i løpet av 12 månader, eller meir enn 270 dagar i løpet av 36 månader, blir du etter norske skattereglar skattepliktig til Noreg for all formue og inntekt. Då er du «skattemessig busett» i Noreg. Du blir først skattemessig busett frå det året opphaldet overstig 183 eller 270 dagar. Kom du til Noreg i oktober i eit år og oppheld deg her til juni i året etter, er du «avgrensa skattepliktig» det første året og «skattemessig busett» året etter.

Skatteplikt både i Noreg og i heimlandet

Inntekt som du må betale skatt av i Noreg, kan òg vere skattepliktig i heimlandet ditt. For å unngå dobbeltskattlegging av same inntekt eller formue, har Noreg inngått skatteavtale med mange andre land. Opplysningar om det er inngått skatteavtale mellom Noreg og heimlandet ditt og kva det vil ha å seie for di plikt til å betale skatt i Noreg, får du på skattekontoret. Skattemyndigheitene i heimlandet ditt kan òg gi deg informasjon om skatteavtalen.

Dersom du er «skattemessig busett» i Noreg både etter norske skattereglar og etter skatteavtalen, skal du i utgangspunktet betale skatt i Noreg av heile formuen og all di inntekt.

Dersom du er «skattemessig busett» i Noreg etter norske skattereglar, men «skattemessig busett» i heimlandet etter skatteavtalen, er du skattepliktig til Noreg for løn frå den norske arbeidsgivaren din for arbeid i Noreg.