Skattemelding

Alle som arbeider i Noreg, skal få skattemelding i månadsskiftet mars/april i året etter inntektsåret. Får du ikkje skattemelding, må du ta kontakt med skattekontoret. Det er viktig at skattekontoret veit kvar skattemeldinga skal sendast.

Skattemeldinga er utfylt på førehand med opplysningar frå m.a. arbeidsgivar. Du må kontrollere om opplysningane stemmer med den meldinga som du får frå arbeidsgivar i januar. Viss det er feil, må du rette i skattemeldinga.

Ver merksam på at du kan ha rett til frådrag i inntekta, t.d. standardfrådrag for utanlandsk arbeidstakar eller frådrag for kostnader ved å bu utanfor heimen din i utlandet (pendlarfrådrag). Du må sjølv krevje desse frådraga ved å føre dei opp i skattemeldinga.

Er du busett i ein EU/EØS-stat og er avgrensa skattepliktig i Noreg, kan du ha ein utvida frådragsrett når minst 90 prosent av inntekta di er skattepliktig i Noreg.