Skattekort

Alle som arbeider i Noreg, må ha skattekort. Skattekortet viser kor mykje skatt arbeidsgivaren skal trekkje, før løna blir betalt ut til deg.

Dei beløpa arbeidsgivaren trekkjer, blir kalla skattetrekk eller forskotstrekk og er ei førehands¬betaling av den skatten skattemyndigheitene reknar med at du skal betale. Endeleg fastsetjing av skatten skjer i året etter inntektsåret.

For å kunne rekne ut rett skattetrekk, må skattekontoret ha opplysningar om kor mykje du reknar med å tene i Noreg og kor lenge du skal opphalde deg her.

For å få skattekort må du møte på skattekontoret for å legitimere deg. Ta med deg:

  • Søknad om skattekort. Fyll ut søknaden, skjema RF- 1209, og ta den med til skattekontoret.
  • Arbeidsgivar kan også søkje om skattekort for deg.
  • Gyldig pass. Utanlandske statsborgarar må leggje fram gyldig pass eller anna identitetsdokument som er godkjent som reisedokument innanfor EU. For nordiske statsborgarar er det tilstrekkeleg å leggje fram gyldig førarkort og ei utskrift frå folkeregisteret i heimlandet som ikkje er eldre enn tre månader.
  • Arbeidskontrakt eller skriftleg tilbod om arbeid.
  • Opphaldskort som viser at du har opphaldsløyve med rett til å arbeide. (gjeld borgare i land utanfor EU/EØS/EFTA).

Dersom du har norsk D-nummer eller fødselsnummer, må du seie i frå om det.

Det er òg viktig at du gir skattekontoret den adressa du får post til, og at du melder frå til skattekontoret når du får ei anna adresse. Dersom du reiser tilbake til heimlandet før du har fått skattemelding og/eller skatteoppgjer, er det viktig at skattekontoret og skatteoppkrevjaren får bustadadressa di i heimlandet.

Skattekortet er eit dokument som viser kor mykje skatt arbeidsgivaren skal trekkje, før han betalar ut løn til deg. Dei beløpa arbeidsgivaren trekkjer, blir kalla skattetrekk eller forskotstrekk og er ei førehandsbetaling av den skatten skattemyndigheitene reknar med at du skal betale. Endeleg fastsetjing av skatten skjer i året etter skattelegginsperioden.

Skattekortet gjeld for eit inntektsår (kalenderår). Viss du arbeider i Noreg frå 1. november i eit år til 30. mars i året etter, får du først eit skattekort for månadene november og desember og så eit nytt skattekort for månadene januar, februar og mars.

Du må sjølv søkje om nytt skattekort for kvart inntektsår. Det gjer du ved å fylle ut skjema RF-1209.

Arbeidsgivaren kan ikkje trekkje mindre skatt enn det som går fram av skattekortet. Arbeidsgivaren hentar skattekortet ditt elektronisk frå Skatteetaten. Det du får tilsendt, er informasjon om skattekortet (skattetrekksmelding) til den adressa som er registrert på deg i folkeregisteret. Du skal ikkje levere dette til arbeidsgivaren din.

Dersom du ikkje søkjer om skattekort, skal arbeidsgivar trekkje 50 prosent av inntekta. For januar månad kan arbeidsgivar nytte same skattekort som for desember året før.

Arbeidsgivaren betalar inn skatten til skattemyndigheitene. Eventuelt for mykje innbetalt skattetrekk blir betalt tilbake når skatten er rekna ut og du har fått skatteoppgjæret.

Skattekorta inneheld ikkje opplysning om arbeidsløyve og er ikkje bevis på rett til arbeid eller opphald i Noreg. Arbeidsgivaren har eit sjølvstendig ansvar for å sjå til at alle tilsette har rett til å arbeide i Noreg. Eventuelle spørsmål må takast opp med utlendingsmyndigheitene (UDI).