Skatteoppgjer

Når skatten er rekna ut, får du eit skatteoppgjer. Det inneheld opplysning om kva for inntekt det er rekna ut skatt av, kor mykje arbeidsgivaren din har trekt i skatt, og om du har betalt for mykje eller for lite skatt.

Du får skatteoppgjeret så snart skatten er rekna ut i perioden juni-oktober.

Meiner du at grunnlaget for inntektsskatt er feil, kan du sjølv korrigere opplysningane i skattemeldinga. Du får du ei ny skatteutrekning og du får tilbakebetalt det du eventuelt har betalt for mykje i skatt.

Har du betalt for lite skatt, må du betale restbeløpet innan den fristen som er oppgitt på innbetalingskortet som følgjer med skatteoppgjeret. Du må betale innan fristen sjølv om du har korrigert opplysningane om inntekt og/eller frådrag i skattemeldinga. Betalar du for seint, blir forseinkingsrenter lagt til beløpet. Betalar du ikkje skatten, følgjer styresmaktene opp saka og pålegg arbeidsgivar å trekkje i lønna dersom du framleis arbeider i Noreg. Har du eigedelar i Noreg, kan styresmaktene ta pant i desse. Norske styresmakter får òg hjelp av utanlandske styresmakter til å krevje inn beløp som ikkje er betalte.