Trygdeavgift

Er du medlem i folketrygda i Noreg, skal du betale norsk trygdeavgift. Trygdeavgifta blir trekt frå løna di som ein del av skattetrekket.

Er du medlem i trygdeordninga i eit EU/EØS-land eller i eit anna land som Noreg har inngått trygdeavtale med, skal du ikkje betale trygdeavgift i Noreg. Dette må du dokumentere ved å leggje fram blankett A1, eller annan dokumentasjon som blir utferda av trygdemyndigheitene i heimlandet ditt. Du kan då få lågare skattetrekk.

Meir informasjon om trygd i Noreg finn du hos Nav.