Skatt i Noreg – litt om skattesystemet

  • Skriv ut

I Noreg betaler vi skatt på mange ulike måtar.

Vi betaler skatt av pengar vi tener på arbeid, næringsverksemd, renter på bankinnskot osb., såkalla inntektsskatt. I tillegg betaler vi òg skatt av formue. Inntekts- og formuesskatt er dei direkte skattane.

Meirverdiavgift

I tillegg har vi meirverdiavgifta som er ein indirekte skatt. Dette er ein skatt vi betaler når vi kjøper varer og tenester. Du har sikkert lagt merke til at når du kjøper varer, står det på kvitteringa at 25 prosent av salssummen er meirverdiavgift (inkl. MVA). Det inneber at ein del av det du betaler for vara, betaler butikken vidare til staten.

Vi kallar det svart omsetning når butikken let vere å betale meirverdiavgifta vidare til staten. Ved å be om at kjøpesummen blir slått på kassa og be om kvittering, kan du medverke til at verksemder du handlar hjå betaler pengane vidare til staten.

Kvifor betaler vi skatt?

Vi ønskjer at det skal vere mogeleg for alle å gå på skule og lære å lese og rekne. Viss vi blir sjuke, ønskjer vi at vi skal få behandling på sjukehus.

Vi som bur i Noreg har alle glede og nytte av mange velferdsordningar i samfunnet. Dette kostar pengar. Mange pengar. Difor er det viktig at alle er med på å betale. Dette gjer vi ved å betale skatt.

Samfunnet er som ei stor felles pengekasse, eit spleiselag. Alle skal betale skatt etter evne og få ytingar når dei treng det.

Meir om inntektsskatt

Pengar du tener på ein heiltidsjobb eller ein deltidsjobb, skal du betale skatt av. Kor mykje du skal betale, kjem an på kor mykje du tener. Tener du under eit visst beløp (fribeløp), får du frikort og betaler ikkje skatt.

Dei som tener lite, skal betale lite skatt og dei som tener mykje, skal betale mykje skatt.

Sjølvmelding

Det er skattekontoret som reknar ut kva du skal betale i skatt. Det kan dei ikkje gjere før dei veit kor mykje du har tent. Skattekontoret får melding frå arbeidsgivaren din om kor mykje du har tent i det året som har gått. Så sender skattekontoret ei førehandsutfylt sjølvmelding til deg og ber deg stadfeste at opplysningane om inntekter og frådrag o.a. er rette, eventuelt korrigere opplysningane. Treng du meir informasjon, kan du lese rettleiinga til sjølvmeldinga.

Du kan levere sjølvmeldinga over Internett. Har du ingen endringar eller tillegg, treng du ikkje levere.

Skatteoppgjer

Når skattekontoret har handsama sjølvmeldinga di, får du tilsendt skatteoppgjeret. Har du noko til gode, får du overført det til bankkontoen din. Har du betalt for lite skatt, må du betale restskatt.

Når skatteoppgjeret kjem, ser du om du har betalt for lite eller for mykje.

Skattekort

Når du skal ha ein jobb, må du ha eit skattekort. Tener du under eit visst beløp, får du frikort og betaler ikkje skatt. Tener du over fribeløpet, må du ha eit vanleg skattekort. Har du norsk fødselsnummer kan du bestille frikort og vanlig skattekort.

Dersom du ikkje har norsk fødselsnummer, må du møte opp på skattekontoret og vise fram pass eller annan legitimasjon som er godkjend, før du kan få eit skattekort. Er du borgar i eit land utanfor EU/EØS/EFTA, må du òg ta med opphaldskort som viser at du har opphaldsløyve med rett til å arbeide. Har du allereie vore på skattekontoret og legitimert deg og du har fått eit D-nummer, kan du søkje om skattekort her.

Det kan vere vanskeleg å skulle betale heile skattebeløpet på ein gong, difor har vi i Noreg ei ordning der du betalar inn ein del av kvar einaste lønning til skatteoppkrevjaren, dvs. det er arbeidsgivar som gjer det for deg. Alt du treng å gjere er å bestille eit skattekort. Skattekortet er elektronisk. Det inneber at arbeidsgivaren din hentar skattekortet ditt direkte frå Skatteetaten. Du får informasjon om skattekortet ditt (skattetrekksmelding) sendt til den adressa som er registrert på deg i folkeregisteret. Du skal ikkje levere noko til arbeidsgivaren din. Pass på at du får lønnsslipp frå arbeidsgivar kvar gong du får løn. Han er din kvittering på at arbeidsgivar har trekt ein del av løna di i skatt.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.