Fastsetjing av trygdeavgift for grensegjengarar

  • Skriv ut

Det er Skatteetaten som har ansvaret for fastsetjing av trygdeavgift for grensegjengarar.

Det er om lag 3 000 grensegjengarar som arbeider i Noreg. Desse er ikkje skattepliktige i Noreg, men i det landet dei bur i. Dei fleste grensegjengarane er likevel medlemmer av norsk folketrygd og skal betale trygdeavgift.

For å bli rekna som grensegjengar må du:

  1. bu i ein svensk eller finsk kommune som grensar mot Noreg, og
  2. arbeide i ein kommune i Noreg som grensar mot landet du bur i.

Alle grensegjengarar får ei sjølvmelding frå Noreg.

Skattekort

Er du grensegjengar, må du ta kontakt med skattekontoret og dokumentere at du oppfyller kravet for å vere grensegjengar. Når det er gjort, skriv Skatteetaten ut eit skattekort på 10 prosent, som er den trygdeavgifta du skal betale.

Skattekortet er elektronisk. Det inneber at arbeidsgivaren din hentar skattekortet ditt direkte frå Skatteetaten. Du får informasjon om skattekortet ditt (skattetrekksmelding) sendt til den adressa som er registrert på deg i folkeregisteret. Du skal ikkje levere noko til arbeidsgivaren din.

Grensegjengarføresegna gjeld berre arbeidsinntekt. Dersom du får ytingar frå NAV, eller ytingar frå arbeidsgivar som blir refundert av NAV, vil denne inntekta vanlegvis vere skattepliktig til Noreg. I desse tilfella må du sjølv ta kontakt med skattekontoret for å få eit nytt skattekort.

Unnatak frå medlemskapet i norsk folketrygd

I utgangspunktet legg Skatteetaten til grunn at grensegjengarar som arbeider i Noreg er medlemmer av norsk folketrygd. Om du i tillegg arbeider i andre land enn Noreg, er du sannsynlegvis medlem i trygdeordninga i ditt bustadsland. Då må du ta kontakt med Forsäkringskassan (Sverige) eller Pensionsskyddscentralen/Eläketurvaskeskus (Finland) for å få avklart medlemskapet.

Om du ikkje er medlem av norsk folketrygd, vil du få blankett A-1 frå trygdemyndigheitene i heimlandet ditt. Blanketten stadfestar at du er omfatta av trygdeordninga i heimlandet ditt, og er ein dokumentasjon på at du ikkje skal betale trygdeavgift i Noreg. Blanketten må du vise fram til skattekontroet for å få sett ned skattetrekket.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.