Søknad om skattekort – dette må du ha med deg på ID-kontroll

  • Skriv ut

Er du utanlandsk statsborgar og skal søkje om skattekort, må du møte opp på eit skattekontor som utfører ID-kontroll.

Sjå kva for skattekontor du kan møte opp på.

Er du ny i Noreg og skal begynne å jobbe finner du nyttig informasjon i denne veivisaren.

All dokumentasjon må vere på norsk eller engelsk.

Dokumentasjon som du må ta med når du søkjer om skattekort som utanlandsk borger:

 

Nordiske borgarar

  • Pass, nasjonalt ID-kort (som viser bilete, statsborgarskap og kjønn), eller gyldig førarkort saman med utskrift frå folkeregisteret i heimlandet som viser statsborgarskap og kjønn. Utskrifta må ikkje vere eldre enn tre månader. Den må òg vere underskriven og stempla.
  • Du må òg dokumentere at du har bruk for skattekort. Du kan til dømes vise arbeidskontrakt eller skriftleg tilbod om arbeid, som inneheld organisasjonsnummeret til arbeidsgjevar. Er du tilknytt eit vikarbyrå e.l. må du ha stadfesting på oppdrag.  

EU/EØS/EFTA-borgarar

  • Pass eller nasjonalt ID-kort som viser bilete, statsborgarskap og kjønn.
  • Du må òg dokumentere at du har bruk for skattekort. Du kan til dømes vise arbeidskontrakt eller skriftleg tilbod om arbeid, som inneheld organisasjonsnummeret til arbeidsgjevar. Er du tilknytt eit vikarbyrå e.l. må du ha stadfesting på oppdrag.

Borgarar utanfor EU/EØS/EFTA

  • Pass som viser bilete, statsborgarskap og kjønn
  • Opphaldskort som viser at du har opphaldsløyve med rett til å arbeide
  • Du må òg dokumentere at du har bruk for skattekort. Du kan til dømes vise arbeidskontrakt eller skriftleg tilbod om arbeid, som inneheld organisasjonsnummeret til arbeidsgjevar. Er du tilknytt eit vikarbyrå e.l. må du ha stadfesting på oppdrag.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.