Det er eigne reglar for deg som er utanlandsk artist, sokkelarbeidar eller jobbar på NIS-/NOR-skip

Utanlandske artistar og idrettsutøvarar

Med artist meiner vi underhaldningsartistar og idrettsutøvarar. Som artist skal du ikkje søke om skattekort. Den som engasjerer deg eller arrangerer framsyninga der du skal delta, skal melde frå om arrangementet til Sentralskattekontoret for utanlandssaker på skjemaet Melding frå arrangør/plassutleigar om artist(ar) RF-1091.
Den som betalar ut bruttohonoraret, er ansvarleg for å trekke og betale inn artistskatten. Du må betale skatt av inntekt frå artistverksemd uansett kven som tener på det, uavhengig av om det er deg, ein representant eller eit føretak.

Sokkelarbeidarar busett i utlandet og sjøfolk som er tilsett på fartøy i petroliumsrelatert verksemd på sokkel.

Du treng ikkje møte personleg på eit skattekontor for å søke om skattekort og gjennomføre ID-kontroll. Du må sende inn søknadsskjema RF-1209 saman med kopi av gyldig legitimasjonsdokument, så får du eit D-nummer frå Sentralskattekontoret for utanlandssaker.

Sjøfolk busett i utlandet tilsett på NIS- eller NOR-skip

Du treng ikkje møte personleg på eit skattekontor for ID-kontroll. Arbeidsgivaren din (reiaren) sender inn skjemaet RF-1325 saman med kopi av godkjent legitimasjonsdokument, så får du eit D-nummer frå Sentralskattekontoret for utanlandssaker.