• Skriv ut
  • 1 Jobbe under 6mnd

Dette må du gjere for å kunne jobbe i Noreg:

Du må søke om eit skattekort

For å søke om skattekort, må du møte personleg på eit av desse skattekontora og ha med deg:

  • Gyldig ID-dokument: Pass som viser bilde, statsborgarskap og kjønn.
  • Utfylt søknad om skattekort på skjema RF-1209 Søknad om skattekort for utanlandske borgarar. Hugs å inkludere arbeidskontrakt eller oppdragsstadfesting. Skjemaet finn du og på skattekontoret.
  • Arbeidskontrakt eller skriftleg arbeidstilbod. Dersom du jobbar for eit bemanningsbyrå, må du i tillegg ha ei stadfesting av oppdraget.
  • Opphaldskort som viser at du har gyldig opphaldsløyve med rett til å arbeide i Noreg.

Det er eigne reglar for deg som er utanlandsk artist, sokkelarbeidar eller jobbar på NIS-/NOR-skip.

Du vil få eit D-nummer

Om du skal vere i Noreg i mindre enn 6 månader, skal du ha eit D-nummer. D-nummeret ditt finn du på skattetrekksmeldinga som kjem i posten etter at du har søkt om skattekort.

D-nummeret, som er det norske identitetsnummeret ditt, treng arbeidsgivaren din for å gje deg lønn. Du treng også dette nummeret for å kunne identifisere deg i mange samanhengar.

Du må halde oss oppdatert på kor du bur

Du må melde frå til Skatteetaten om kor du bur, også etter at du har flytta frå Noreg. Du har sjølv ansvaret for at Skatteetaten har rette opplysningar om adressa di.

Offentlege etatar i Noreg brukar adressa du har i folkeregisteret for å sende deg post. Dersom du står med feil adresse, kan du gå glipp av viktig informasjon, for eksempel om du får igjen på skatten.

Bli elektronisk brukar

I Skatteetaten kommuniserer vi elektronisk med brukarane våre. Det er mange fordelar med å bli elektronisk brukar.

Slik blir du elektronisk brukar.

Dersom du framleis lurer på noko, kan du lese meir på skatteetaten.no. Du kan også ringe 800 80 000, frå utlandet +47 22 07 70 00. For English menu, press 9.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.