Slik blir du elektronisk brukar

Slik blir du elektronisk brukar
Som elektronisk brukar får du viktig informasjon frå Skatteetaten – uansett kor du er.

Du blir varsla på sms eller e-post når skatteoppgjeret og skattemelding (sjølvmeldinga) er klar. Får du pengar tilbake på skatteoppgjeret, får du også beskjed om dette elektronisk.

Slik blir du elektronisk brukar:

  1. Du må ha eit norsk identitetsnummer
  2. Du må skaffe deg elektronisk ID. her kan du velje mellom løysingane MinID og BankID. For å få MinID må du bestille PIN-kodar (sjå informasjon leger nede). BankID får du ved å kontakte banken din.
  3. a) Dersom du brukar MinID: Når du har fått PIN-kodane, må du opprette ein MinID-brukar. Det gjer du ved å registrere deg med PIN-kodane her. b) Dersom du har BankID: Logg deg på med BankID
  4. Du er no elektronisk brukar, og vi varslar deg på mobil og /eller e-post når du får informasjon frå oss elektronisk.

Slik får du tak i PIN-kodar:

For å bestille PIN-kodar, gå til bestillingssida for PIN-kodar og følg instruksjonane der. Før du bestiller PIN-kodane, sjekk at:

  • Du er registrert med rett adresse i folkeregisteret. Dette gjeld for deg som har fødselsnummer. 
  • Du er registrert med rett postadresse hjå Skatteetaten. Dette gjeld for deg som har D-nummer. 

• Namnet ditt står tydeleg på postkassen din.

Brevet med PIN-kodar blir sendt til adressa du er registrert med i folkeregisteret. Det tar eit par dagar frå du bestiller kodane til du får brevet med PIN-kodane i posten.

Viss du har D-nummer og ikkje har registrert ei norsk postadresse, får du PIN-kodebrevet til adressa du har oppgitt i heimlandet.