Trekkoder i skattekortet

  • Skriv ut

Skattekortet inneheld éin eller fleire trekkodar som arbeidsgivar/pensjonsutbetalar skal trekkje etter. Det er fem trekkodar for lønn og éin for pensjon.

Trekkodane for lønn er:

  • lønn frå hovudarbeidsgivar
  • lønn frå biarbeidsgivar
  • lønn til utanlandsk borgar
  • lønn til utanlandsk borgar som grensegjengar
  • lønn til utanrikstenestemann.

Trekkoden for pensjon er:

  • pensjon.

I tillegg finst det eigne trekkodar som berre NAV skal nytte:

  • sjukepengar, dagpengar, uføretrygd med mer frå NAV
  • pensjon frå NAV.

I kvar av trekkodane ligg det eit skattetrekk i form av eit tabelltrekk, prosenttrekk eller frikort med eller utan beløpsgrense.

Korleis ser skattekortet ut

Ein vanleg lønnsmottakar har eit skattekort med tre trekkodar for lønn;

  • lønn frå hovudarbeidsgivar
  • lønn frå biarbeidsgivar
  • lønn frå NAV. Trekkoden lønn frå NAV blir nytta ved utbetaling av sjukepengar, dagpengar, uføretrygd o.a. frå NAV.

Pensjonistar har skattekort med trekkodane pensjon og pensjon frå NAV.

Ein person som har både lønn og pensjon skal ha eit skattekort som inneheld trekkodane for lønn og pensjon. Dersom til dømes trekkode for pensjon manglar, må ein endre skattekortet så det tek høgde for både lønn og pensjon.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.