Tiltak for å krevje inn ubetalt restskatt

  • Skriv ut

Dersom restskatten ikkje blir betalt ved forfall, blir det rekna forseinkingsrenter, og skatteoppkrevjarane set i verk tiltak for å krevje inn skatten.

Skattoppkrevjarane bruker eit avgjerslestøttesystem i innkrevjingsarbeidet. Dette skal bidra til at skatteoppkrevjarane vel det innfordringstiltaket som gir raskast mogleg dekning av skattekravet sett i forhold til skattytaren sin økonomiske situasjon. 

For å kunne velje rett tiltak ser ein ulike opplysningar om den enkelte skattytaren i samanheng. Det gjeld mellom anna storleiken på restskatten, betalingshistorikk, inntekts- og formuesopplysningar og flyttehistorikk. Desse opplysningane har òg tidlegare vore brukte til å velje innkrevjingstiltak. 

Opplysningane blir samla og brukte på ein systematisk måte. Samanstilling av informasjonen på denne måten er omfatta av personopplysningslova (lov 14. april 2000 nr. 31) § 21.

For lønnstakarar og pensjonistar blir desse opplysningane lagde til grunn for valet av tiltak:

  • Lønn og tilsvarande ytingar, dagpengar, uførepensjon, underhaldsbidrag etter pålegg frå NAV, premiar til pensjonsordningar og oppgåvepliktige ytingar til næringsdrivande blir henta frå lønns- og trekkoppgåveregisteret.
  • Nettoformue, skattepliktig del av aksjefond og likningsverdien på bustaden blir henta frå likningsregisteret.
  • Betalingshistorikk for restskatt blir henta frå skatterekneskapen.
  • Saldo- og renteopplysningar blir henta frå saldo- og renteregisteret.
  • Opplysningar om flyttehistorikk blir henta frå folkeregisteret.

For skattytarar som får skatteoppgjer til hausten, blir desse opplysningane lagde til grunn for valet av tiltak:

  • Lønn og tilsvarande ytingar, dagpengar, uførepensjon, underhaldsbidrag etter pålegg frå NAV, premiar til pensjonsordningar og oppgåvepliktige ytingar til næringsdrivande blir henta frå lønns- og trekkoppgåveregisteret.
  • Nettoformue blir henta frå fastsettingsregisteret.
  • Betalingshistorikk for restskatt blir henta frå skatterekneskapen.
  • Opplysningar om innehavar blir henta frå Einingsregisteret.
  • Saldo- og renteopplysningar blir henta frå saldo- og renteregisteret.
  • Opplysningar om flyttehistorikk blir henta frå folkeregisteret.

Skattedirektoratet har det faglege ansvaret for innkrevjing av skatt og avgift, mens dei kommunale skatteoppkrevjarane gjennomfører det daglege arbeidet med å krevje inn skatt og avgift.

 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.