"Rentesatsar på tilgodebeløp, restskatt og resterande skatt

  • Skriv ut

Rentesats på restskatt og tilgodebeløp for personlege skattytarar
Rentetillegget på restskatt er 1,08 prosent per år, utrekna frå 1. juli 2013 til forfall første termin restskatt i 2014.

Ved for mykje innbetalt utskriven forskotsskatt og forskotstrekk innbetalt innan utgangen av inntektsåret, er rentegodtgjersla 1,08 prosent per år av det som er for mykje innbetalt, utrekna frå 1. juli 2013 til skatteoppgjeret blir sendt til skattytaren i 2014.
Ved tilbakebetaling av tilleggsforskot og utskriven forskotsskatt som er innbetalt i året etter inntektsåret og seinast 31. mai, godtgjer ein renter med 1,08 prosent per år frå 31. mai 2014 til skatteoppgjeret blir sendt til skattytaren.

Rentesats på restskatt og tilgodebeløp for upersonlege skattytarar
Rentetillegget på restskatt for upersonlege skattytarar (aksjeselskap m.m.) er 1,08 prosent per år, utrekna frå 15. mars 2014 og fram til forfall for restskatten.

Ved for mykje innbetalt forskot på skatt innbetalt seinast 31. mai, er rentegodtgjersla 1,08 prosent per år av det som er for mykje innbetalt, utrekna frå 15. mars 2014 og fram til skatteoppgjeret blir sendt til skattytaren.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.