Kvifor får eg restskatt, og korleis kan eg unngå det

  • Skriv ut

Her gir vi deg nokre tips for å unngå restskatt.

Sjekk alltid om

Endringar som kan påverke skatten din:

Du har betalt mindre renter enn berekna

Eit viktig frådrag er gjeldsrenter du betaler gjennom året, typisk på eit bustadlån. Rentene på lånet er frådragsgivande. Informasjon om storleiken på rentene hentar Skatteetaten frå skattemeldinga. Dersom rentenivået har gått vesentleg ned, slik at du betaler mindre renter enn det som var venta i starten av året, vil du også ha rett på eit mindre frådrag enn det som var utgangspunktet i skattekortet. Då vil du kunne få restskatt. Det same gjeld om du i same periode har betalt ned ein god del av lånet, slik at du difor betaler mindre renter.

Tips til korleis du kan unngå restskatt:

Sjekk kva rente og gjeld som Skatteetaten tek utgangspunkt i. Dersom dette ser feil ut, kan du endre skattekortet.

Banken din kan gi deg ein betalingsplan med oversikt over både avdrag og renter.

Feil fordeling av bustadlånet

Er du sambuar og/eller ektefelle med felles gjeld, og har de valt å fordele rentene mellom dykk? Når Skatteetaten får opplysningar frå banken, kan det hende at gjelda berre blir rapportert på den eine av partane, sjølv om de deler gjelda mellom dykk. Dette vil føre til at den av dykk som ikkje får registrert gjelda, heller ikkje får førehandsutfylt gjeldsfrådraget som han eller ho har krav på i skattemeldinga. Då kan den eine ende opp med å få restskatt og den andre få skatt til gode. 

Tips til korleis du kan unngå restskatt:

Du kan ordne fordelinga ved å endre i skattemeldinga for neste år. Du kan også sjå informasjonen om gjeld som står på forslaget til skattekortet (skattetrekksmeldinga) som kjem i desember. Du kan endre dette i løpet av året ved å endre skattekortet.

Når du har endra skattekortet, blir det nye skattekortet automatisk sendt til arbeidsgivaren din.

Livssituasjonen din har endra seg – barnet ditt har slutta i barnehagen eller skulefritidsordninga. Du er ikkje lenger einsleg forsørgjar. Du har blitt pensjonist osv.

Dersom det skjer endringar i livssituasjonen din som kan påverke retten til frådrag gjennom året, og du ikkje melder frå om dette, kan du få restskatt. For eksempel at du var einsleg forsørgjar ved inngangen av skatteåret, men ikkje er det ved utgangen av året.

Det kan også vere at barn sluttar i barnehagen eller skulefritidsordninga, slik at slike utgifter forsvinn.

Det kan også vere at du har fått kortare arbeidsveg enn du hadde året før, slik at opplysningane om reise som ble lagt til grunn i skattetrekksmeldingen var feil.

Dersom grunnlaget for å få støtte frå for eksempel NAV endrar seg, må du  gi beskjed til NAV.

Alt dette kan føre til at du har rett på mindre frådrag, og at du har betalt for lite skatt gjennom året.

Tips til korleis du kan unngå restskatt:

Så snart det skjer endringar i livssituasjonen din, må du endre skattekortet ditt

Du har fleire arbeidsgivarar og har blitt trekt feil

Den mest vanlege måten å trekkje skatt på, er gjennom tabelltrekk. Her er både inntekt og frådrag medrekna når skatten skal trekkjast. Men har du fleire arbeidsgivarar, er det berre hovudarbeidsgivaren (som du får utbetalt mest lønn frå) som kan bruke tabelltrekk. Andre arbeidsgivarar må bruke prosenttrekk. Dersom meir enn ein arbeidsgivar bruker tabelltrekk, blir du trekt for for lite skatt.

Det inneber at du betaler for lite skatt gjennom året og må betale restskatt. Det gjeld også om du er alderspensjonist.

Dersom NAV betaler hovudpensjonen din, men du har tilleggspensjonar frå tidlegare arbeidsgivarar, er det berre overfor NAV at tabelltrekk kan nyttast. Tilleggspensjonar må betalast via prosenttrekk.

Tips til korleis du kan unngå restskatt:

Sørg for at arbeidsgivarane dine, også NAV, bruker den rette delen av skattekortet. Hovudarbeidsgivaren kan bruke tabelltrekk, mens biarbeidsgivaren må bruke prosenttrekk.

Du har gått frå lønnsmottakar til pensjonist

Når du går over frå å vere lønnsmottakar til pensjonist, må du passe på at utgiftene du hadde i arbeidslivet, men som du ikkje lenger har som pensjonist, ikkje blir med på skattemeldinga. Dette kan for eksempel vere fagforeiningskontingent og pensjonsinnskot frå arbeidsgivaren. Dette er frådragsgivande, men om du ikkje har slike utgifter etter at du har slutta i arbeidslivet, er dette ikkje frådrag som skal reknast med.

Har Skatteetaten basert skattekortet ditt på frådrag du ikkje lenger har rett på, vil det føre til restskatt.

Tips til korleis du kan unngå restskatt:

Du kan endre informasjonen om desse frådragspostane ved å endre skattekortet.

Du har høgare inntekt enn det som er gitt opp i prosentskattekortet

Dette punktet gjeld berre dei som har prosenttrekk. Dei fleste arbeidstakarar har tabelltrekk, slik at endringar i inntekta i all hovudsak ikkje får innverknad på om du får restskatt eller skatt til gode.

Tips til korleis du kan unngå restskatt:

Med prosenttrekk må du følgje med på endringar i inntekta og frådraga og rapportere om desse ved å endre skattekortet.

Opplysningane i skattemeldinga stemmer ikkje

Dersom banken din har rapportert inn feil om gjelda eller formuen din til Skatteetaten, arbeidsgivaren har innrapportert feil inntekt, barnehagen har gløymt å sende inn opplysningar om utgifter eller liknande, vil grunnlaget for skattetrekket vere feil. Då kan du få feil skatt og ende opp med restskatt. Du må sjekke desse opplysningane i skattemeldinga, og endringane registreres innan fristen 30. april.

Tips til korleis du kan unngå restskatt:

Gå gjennom skattemeldinga post for post, og kontroller opplysningane mot årsoppgåvene frå arbeidsgivaren, banken, NAV osv.

Har du fått ei korrigert oppgåve av ein av dei som rapporterer inn opplysningane dine til Skatteetaten, innan skattemeldinga kjem, er det viktig at du fører inn desse korrigeringane.

Dersom du har fått restskatt, bør du finne fram skattekortopplysningane og samanlikne dei med årets skattemelding. Sjå om opplysningane stemmer.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.