Sjå skatteoppgjeret ditt

Sjølvbetening

  • Skriv ut

Siste halvdel i juni startar vi varsling om skatteoppgjeret. Vi kan di verre ikkje gje deg ein konkret dato for når du får oppgjeret ditt. Første pulje med skatteoppgjer er klar 22. juni 2017.

Vi varslar deg på e-post/sms når skatteoppgjeret ditt er klårt. På den måten slepp du å leita og lura. Syt difor for at kontaktinformasjonen din er oppdatert - det gjer du på norge.no.

Lønstakarar og pensjonistar: Dei aller fleste vert varsla elektronisk om skatteoppgjeret sitt 22. juni 2017. Då ligg melding om oppgjeret klår i altinn. Neste moglegheit er 2. august 2017, og deretter blir det løpande oppgjer fram til 25. oktober 2017.

Næringsdrivande og deira ektefellar: Første høve er 2. august 2017, sjølv om du er ebrukar. Deretter blir det løpande oppgjer fram til 25. oktober 2017.

For deg som skal motta skatteoppgjeret på papir startar utsending av skatteoppgjer 22. juni 2017. Er du usikker, sjekk her om du er ebrukar

Selskap, SDF og personar busett i utlandet som mottek pensjon frå Noreg får skatteoppgjeret sitt i siste pulje 25. oktober 2017. 

Leverte du sjølvmeldinga på papir: Då får du skatteoppgjeret ditt tidlegast i august.

Feil konto?

I sjølvmeldinga du mottok i mars/april, er det gjeve opp kva for konto pengene kan overførast til. Fram til 15.mai kan du endra det sjølv Slik endrar du kontonummer for utbetalt tilgodebeløp

Om det ikkje er gjeve opp nokon konto, vil du få tilsendt eit utbetalingskort i posten til din folkeregistrerte adresse. Om det er feil konto, eller ei konto du ikkje brukar lenger som er registrert, må du ringje skatteoppkreveren i din kommune snarast - ikkje Skatteetaten. Det er skatteoppkrevjaren i di kommune som tek seg av sjølve utbetalinga, eller innkrevjing av restskatten.

Når kjem pengane?

Vi varslar deg via e-post eller sms når oppgjeret ditt er klårt. Har du pengar til gode, får du normalt desse på konto innan to uker etter den datoen du finn øvst i høgre hjørne på skatteoppgjeret ditt. Første moglege dato for utbetalinom du har pengar tilgode er 22. juni. Skattemeldingane blir handsama løpande ved skattekontora, og dei sender oppgjeret til deg så snart det er klart. Utbetaling skjer løpande.

Fått varsel, men ikkje oppgjeret?

Har du motteke varsel om at skatteoppgjeret ditt er klart, men finn det ikkje på altinn.no? Har du registrert dine kontaktopplysningar på for eksempel nokon du har omsorg for, kan det vere forklaringa. Kontakt Difi for hjelp. Ver merksam på at utbetaling kan ta inntil to uker frå den datoen du finn oppe i høgre hjørne på skatteoppgjeret ditt

Eg har ikkje fått skatteoppgjeret mitt?

Gjorde du endringar i skattemeldinga etter frista, kan det sinka oppgjeret ditt. Heilt generelt er det slik at jo meir komplisert skattemelding du har og jo fleire vedlegg, jo lengre tid kan det ta å handsama henne. Det er òg slik at ektefellar ikkje får skatteoppgjeret sitt før begges skattemeldinger er handsama. Les meir om moglege årsakar. 

Eg må betala restskatt

Les om restskatt, rentar og innbetaling her

Eg vil klaga på skatteoppgjeret

Frå inntektsåret 2016 kan du i dei fleste høve endre skattemeldinga sjølv om leveringsfristen har passert. Slik kan du gjere det.

Det er skilnad på tilgodebeløpet og det eg har fått inn på konto

Er det skilnad på beløpet som står til gode på skatteoppgjeret og det beløpet som du har fått utbetalt? Då kan skatteoppkrevjar ha gjort ei motrekning i tilgodebeløpet.

Eg treng skatteoppgjeret frå tidlegare år

Du finn kopi av dine tidlegare skatteoppgjer i Min meldingsboks i Altinn. 

Huseigare som har valt å få tilskott frå ENOVA som ein del av skatteoppgjeret

Har du fått tilskott i 2016 vil det bli avrekna mot skatteoppgjeret for 2016. Spørsmål om ordninga rettast til ENOVA.

Avdøde

Skatteoppgjeret vert sendt ut på papir dersom det er registrert ei c/o adresse på den avdøde. Det vert ikkje lagt ut på altinn.no. Skal skatteoppgjeret til avdøde verte sendt ut, må postadressa til gjenlevande ektefelle eller arvinger, meldes til Folkeregistret etter dei same reglane som gjeld for skattemeldinga. Les her korleis du gjer det.

 

Du kan i dei fleste tilfeller endre skattemeldinga sjølv. Du kan ikkje endre om Skatteetaten har fastsatt skattegrunnlaget ditt, eller på områdar kor vi har varslet om at fastsettinga er under kontroll.

Treng du hjelp? Chat med oss

Vi kan hjelpe deg om du har spørsmål om skatteoppgjeret ditt.

Start chat med oss

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.