Kvifor har eg ikkje fått skatteoppgjeret mitt?

  • Skriv ut

Diverre kan vi ikkje si deg ein konkret dato for når du får oppgjeret ditt, korkje på skattekontoret eller på telefon til oss. Du vil tidligst motta tilgodebeløpet på din konto den dagen skatteoppgjeret ditt er datert. Det kan ta inntil tre veker etter skatteoppgjersdatoen før pengane faktisk utbetales. 

Første pulje med skatteoppgjer er klår 22. juni. Neste oppgjer er 2. august. Deretter blir det løpande oppgjer fram til 25. oktober. 

Grunner til at du ennå ikkje har fått oppgjeret ditt, kan være:

  • Du er ført opp med feil kontaktinformasjon og har difor ikkje fått varsel om skatteoppgjer. Sjekk dette på norge.no.
  • Du er næringsdrivande, eller ektefelle av næringsdrivande. Det gjeld også næringsdrivande som er registrerte e-brukere. Denne gruppa får oppgjeret sitt tidlegast 2. august og seinest 25. oktober. 
  • Du er lønnstakar/pensjonist og leverte skattemeldinga på papir. Da får du skatteoppgjeret tidlegast 2. august og seinest 25. oktober. 
  • Du er lønnstaker/pensjonist som har søkt om utsetting for å levere skattemeldinga.
  • Du nytta deg av leveringsfritaket (stille aksept), men sendte inn vedlegg til sjølvmeldinga på papir i tillegg.
  • Du har ikkje gitt opp bustadopplysninger i skattemeldinga di. Dette kan du sjekke opp og rette sjølv ved å sende inn skjema RF-1282. Du vil få skatteoppgjeret ditt i slutten av oktober.
  • Du og ektefellen din liknes saman, og din ektefelles skattemelding krev manuell handsaming. Ektefeller får ikkje skatteoppgjeret sitt før bådes skattemeldinger er ferdig handsama.
  • Du er kildeskattytar eller upersonlig skattytar (til dømes eit AS), og får som vanleg oppgjeret ditt til slutt; 25. oktober.
  • Di skattemelding er tatt ut i kontroll. Skatteetaten tek stikkprøvar, og desse er altså tilfeldig valte skattemeldinger.

Heilt generelt er det slik at jo meir komplisert skattemelding du har og jo fleire vedlegg, jo lengre tid kan det ta å handsama den. Om du til dømes skriv merknader i post 5.0 kan det ta lengre tid. Skattemeldingane blir handsama fortløpande hos ein saksbehandler ved skattekontora, og skatteoppgjeret blir sendt deg så snart det er klårt: løpande mellom 2. august og 25. oktober.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.