Søk i skattelistene

Sjølvbetening

  • Skriv ut

Tips ein venn

Tips ein venn

Her kan du søkje i skattelistene for inntektsåret 2016. Du kan òg sjå kven som har søkt opp og sett opplysningane dine. 

Du kan sjå kven som har søkt på deg

Stortinget vedtok i 2013 at det skal loggast kven som søkjer i skattelistene. Det inneber at du får vite kven som har søkt på deg i skattelistene. Når du har logga deg inn for å søkje i skattelistene, er det ei eiga fane med statistikk over kven som har søkt på deg. Du får sjå namn, fødselsår, postnummer og poststad for den som har søkt. Lista over kven som har søkt på deg og sett opplysningane dine, blir oppdatert ein gong i timen. Det blir innført 16 års aldersgrense for å kunne søkje i skattelistene.

Du kan sjå på likningsopplysningar for inntil 500 personar per månad.

Slutt på søk via nettaviser

I 2011 blei det slutt på søk i skattelister via nettaviser. Det er Stortinget som har vedteke dette. Føremålet er mellom anna å unngå kommersiell bruk av opplysningane. Skattedirektoratet kan likevel ikkje påleggje pressa å fjerne skattelister for tidlegare år. Kvaliteten på desse listene vil uunngåeleg bli dårlegare dess eldre dei blir. Pressa får framleis levert ut skattelister til journalistiske føremål, men skriv under ein avtale som regulerer bruken. Pressa forpliktar seg gjennom avtalen til at heile eller delar av skattelista ikkje skal leggjast ut på Internett, og ein kan heller ikkje gi ho til andre. Pressa kan likevel omtale enkeltpersonar i avisartiklar og publisere "topplister".

Hjelp til innlogging?

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.