Kva står i skattelistene?

  • Skriv ut

Skattelistene blir lagde ut på skatteetaten.no på hausten etter at skatteoppgjeret er klart for alle skattytarar.

Skattelistene blir liggjande på skatteetaten.no i eitt år frå dei blir publiserte i samband med skatteoppgjeret i oktober.

Skattelistene inneheld desse opplysningane:

  • namn på skattytarane
  • fødselsår (organisasjonsnummer for selskap)
  • postnummer og poststad
  • kommune
  • nettoinntekt (omfattar ikkje tillegg i alminneleg inntekt etter skattelova § 10-42) 
  • nettoformue
  • skatt

Det er ikkje mogleg å reservere seg mot å stå i skattelistene. Dette gjeld både skattelista som blir lagt ut på skatteetaten.no, og skattelista som blir distribuert til pressa.

Skattelista for personar skal ikkje innehalde

  • opplysningar om personar med sperra adresse gitt i medhald av lov om folkeregistrering
  • opplysningar om personar der opplysningane som inngår, kan røpe eit klientforhold
  • opplysningar om personar som var 17 år eller yngre ved utgangen av inntektsåret
  • opplysningar om personar utan fast bustad
  • opplysningar om avdøde personar

Reglane for utlevering til pressa går fram av skatteforvaltningslova § 9-7.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.