Distribuerer Skattedirektoratet opplysningar frå skattelistene?

Pressa kan få fullstendige skattelister. Nærare informasjon om kva ein reknar som presse, finn du under Prop. 116 LS (2010-2011) pkt. 2.5.3.2. 

Skattelistene som pressa får, er identiske med dei som blir offentleggjorde på skatteetaten.no. Pressa får elektronisk tilgang til oppdateringar av skattelistene for personlege skattytarar, vanlegvis tre gonger i året.