Skatteoppgjer

Etter at du har levert skattemeldinga di, må vi behandle ho og lage eit skatteoppgjer. I skatteoppgjeret står det kor mykje pengar du får igjen (til gode) eller kor mykje du må betale (restskatt). Kor lang tid dette tar, varierer.

Dei fleste får skatteoppgjeret mellom april og juni, medan andre får det til hausten. Alle får skatteoppgjeret sitt før 1. desember. Du får beskjed når skatteoppgjeret ditt er klart.

Viktig informasjon

Når livet endrar seg vil ofte også skatten endrast

Endringar i familiesituasjonen, bustad, jobb og utdanning påverkar både frådrag du har rett på og kor mykje som vert trekt i skatt.