Kan eg gå på skattekontoret og slå opp i skattelistene?

Ja, men skattekontora har ikkje lenger skattelistene på papir. I staden har dei PC tilgjengeleg som du kan låne for å logge deg inn og søkje. Skattekontora kan rettleie dei som treng hjelp til å søkje, men du må sjølv logge deg inn med din eigen elektroniske ID (til dømes MinID) for å slå opp.