Kor mange søk kan eg gjere i skattelistene?

Det er skilnad på søk og visingar. Når du søkjer etter ein person, får du opp ei treffliste med personar som passar til søkjeopplysningane dine. Først når du klikkar på ein einskildperson for å sjå skattelisteopplysningane, tel det som ei vising.

Du har 500 visingar per kalendermånad.