Kva kan pressa bruke opplysningane i skattelistene til?

Pressa sin bruk av skattelistene er avgrensa i høve til tidlegare. Pressa får skattelistene utlevert i elektronisk form på det vilkåret at Skattedirektoratet og kvar einskild redaksjon inngår ein avtale. Opplysningane i skattelista kan berre brukast i samband med pressa sitt sjølvstendige redaksjonelle arbeid.

Pressa kan ikkje gjere heile eller delar av skattelistene tilgjengelege eller leggje dei ut i søkbar form på Internett, eller på annan måte. Pressa kan likevel omtale enkeltpersonar i avisartiklar og utarbeide topplister.