Kva opplysningar inneheld skattelistene?

Skattelistene inneheld følgande opplysningar

  • namn
  • fødselsår (for selskap gir ein opp organisasjonsnummer)
  • postnummer og poststad
  • kommune
  • nettoinntekt (omfattar ikkje tillegg i alminneleg inntekt etter skattelova § 10-42) 
  • nettoformue
  • skatt

Andre opplysningar blir ikkje offentleggjorde.

Ver merksam på at tala ikkje nødvendigvis er endelege. Tala kan til dømes bli endra som følgje av klage på fastsetjinga. Vi oppdaterer vanlegvis lista for personlege skattytarar fire gonger i året.