Kven inneheld skattelistene opplysningar om?

Skattelistene inneheld opplysningar om personlege og upersonlege skattytarar som har fått skatteoppgjer.


Skattelistene for personlege skattytarar inneheld ikkje:

  • opplysningar om personar med sperra adresse (gitt i medhald av lov om folkeregistrering)
  • opplysningar om personar der opplysningane kan røpe eit klientforhold
  • opplysningar om personar som er 17 år eller yngre ved utgangen av inntektsåret
  • opplysningar om personar utan fast bustad
  • opplysningar om avdøde personar

Opplysningane er à jour på det tidspunktet skattelistene er produserte. Personar som til dømes har fått sperra adresse etter dette tidspunktet, kjem til å stå i skattelistene til neste oppdatering. Skattelistene blir vanlegvis oppdaterte fire gonger i året.