E-faktura ved innbetaling av skatt

  • Skriv ut

Alle skattytarar, både privatpersonar og bedrifter, kan no inngå avtale om e-faktura i samband med innbetaling av skatt.

E-faktura vil seie at du som privatperson får faktura frå Skatteetaten ferdig utfylt rett i nettbanken, i staden for i posten eller tilsendt i Altinn.

Er du bedrift kan du gå inn på ein e-faktura-avtale med oss ved å registrere deg i det offentlege fakturaregisteret ELMA. Då får du faktura frå Skatteetaten direkte i ditt eige rekneskapssystem.

E-faktura-avtalen med Skatteetaten gjeld førebels for innbetaling av skatt.

Korleis opprettar eg avtale om e-faktura?

For privatpersonar

Neste gong du betaler inn skatt kjem du i dei fleste nettbankar til å bli spurt om du ønskjer å opprette ein e-faktura-avtale med Skatteetaten. Når du aksepterer tilbodet, blir avtalen oppretta, og du får neste faktura frå Skatteetaten ferdig utfylt i nettbanken.

Dersom du skal betale restskatt og restskattbeløpet er delt på to fakturaer, får du tilbod om å inngå avtale når du betaler den første fakturaen, men avtalen blir ikkje aktivert før begge fakturaene er betalte.

Du kan opprette e-faktura-avtale med oss, sjølv om du ikkje skal betale skatt.

Logg deg inn i nettbanken, vel e-faktura i menyen. Søk opp Skatteetaten som tilbyder. Din e-fakturareferanse når du skal opprette ein avtale, er dei første 11 sifra av KID-nummeret som står på sjølvmeldinga di. E-faktura er godt forklart og lett å finne fram til i dei ulike nettbankane.

Merk at du berre kan inngå ein e-faktura-avtale på vegner av deg sjølv. Du kan framleis betale skatt for ein annan person (til dømes ektefelle), men ikkje opprette ein e-faktura-avtale.

For bedrifter

Bedrifter og verksemder må registrere seg i det offentlege fakturaregisteret ELMA for å kunne ta imot e-faktura frå Skatteetaten. Er du knytt til ELMA, får du faktura for innbetaling av skatt automatisk inn i rekneskapssystemet ditt. Difi – Direktoratet for forvalting og IKT – har meir informasjon om det offentlege fakturaregisteret ELMA. Der finn du òg ei oppdatert oversikt over verksemder som er registrerte.

Kva er fordelane med e-faktura?

  • E-faktura er enkelt og effektivt å bruke.
  • Du slepp å taste inn KID-nummer og andre fakturaopplysningar, e-faktura kjem ferdig utfylt.
  • Du får betre oversikt og kontroll over betalingar.
  • E-fakturaen blir lagra i nettbanken, og du styrer sjølv når og frå kva for ein konto han skal betalast frå. Du kan betale uansett kvar du oppheld deg.
  • ELMA-registrerte bedrifter finn all betalingshistorikk i rekneskapssystemet sitt.
  • Miljøvennleg alternativ.

Spørsmål om e-faktura?

Ta gjerne kontakt med oss dersom du har spørsmål om e-faktura. Du kan òg kontakte nets.no – leverandør av e-fakturaløysinga.

Har du problem med å finne informasjon om e-faktura i nettbanken din, må du ta kontakt med din eigen bank.

Ønskjer bedrifta di meir informasjon om ELMA-registeret, ta kontakt med Difi - Direktoratet for forvaltning og IKT.

Har du spørsmål om innbetaling/innkrevjing av skatt, ta kontakt med skatteoppkrevjaren i kommunen din.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.