Avregistrere bil

  • Skriv ut

Du skal betale trafikkforsikringsavgift så lenge du har ansvarsforsikring på køyretøyet ditt, og du pliktar å ha ansvarsforsikring så lenge du har skilt på køyretøyet. Dersom du vil unngå å betale trafikkforsikringsavgift, må du hugse å avregistrere bilen.

For at bilen din skal bli avregistrert må du levere skilta (kjennemerka) til ein av trafikkstasjonane til Statens vegvesen.

Har bilen din blitt avskilta?

Det kan vere fordi du ikkje har betalt årsavgifta. Det er Tollvesenet, Politiet og Statens vegvesen som har myndigheit til å avskilte køyretøy.

Dersom bilen din har blitt avskilta kan du kontrollere om årsavgifta er betalt. Dette gjeld berre for køyretøy registrerte til og med 31. desember 2017.

Andre grunnar til avskilting kan vere at:

  • forsikringa ikkje er i orden
  • EU-kontrollen ikkje er i orden

I desse tilfella må du kontakte Statens vegvesen.

Tilleggsavgift

Dersom du ikkje har registrert køyretøyet i desember 2017 og ikkje betalt årsavgift innan 30. januar 2018, må du òg betale ei tilleggsavgift. Dette gjeld òg om du ikkje har teke imot faktura.

Du må betale alle avgiftene før du kan få skilta tilbake. Det er Statens vegvesen som oppbevarer skilta. Du må betale eit gebyr til Statens vegvesen før du kan få skilta tilbake. Les meir om skilt hjå Statens vegvesen

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.