Avskilta bil

  • Skriv ut

Har bilen din blitt avskilta, kan det vere fordi du ikkje har betalt årsavgifta.

Det er Tollvesenet, Politiet og Statens vegvesen som har myndigheit til å avskilte køyretøy.

Har bilen din blitt avskilta kan du sjekke om årsavgifta er betalt.

Andre årsaker til avskilting kan vere at:

    • forsikringa ikkje er i orden
    • EU-kontrollen ikkje er i orden

I desse tilfella må du kontakte Statens vegvesen.

Tilleggsavgift

Dersom du ikkje har betalt årsavgift innan 20. mars, må du òg betale ei tilleggsavgift. Dette gjeld òg om du ikkje har fått faktura.

Du må betale alle avgiftene før du kan få skilta tilbake. Det er Statens vegvesen som oppbevarer skilta. Du må betale eit gebyr til Statens vegvesen før du kan få skilta tilbake. Les meir om skilt hjå Statens vegvesen

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.