Betale årsavgift

  • Skriv ut

Alle som eig eit registrert køyretøy under 7 500 kilo, må betale årsavgift. Faktura for årsavgifta blir sendt ut i februar kvart år. Fakturaen blir sendt til deg som åtte køyretøy 1. januar.

Forfallsdato for årsavgifta var 20. mars 2017.

Dersom du ikkje har fått faktura, kan du lage KID-nummer. Pass på at du bruker rett KID-nummer. Feil KID-nummer kan føre til at betalinga ikkje blir registrert.

Det er ikkje mogeleg å få betalingsutsetjing for årsavgifta. Du må betale sjølv om du ikkje får faktura.

Kor mykje skal eg betale?

Type køyretøy

Årsavgift
Bil under 7500 kg 2820 kroner
Bil under 7500 kg, diesel uten fabrikkmontert partikkelfilter 3290 kroner
Motorsykkel 1960 kroner
Elbil, veteranbil, moped, traktor, taxi (med hovedløyve) med flere. 455 kroner
Hvis du har et køyretøy som veger minst 7 500 kg, skal du betale vektårsavgift.  

Ikkje slå saman fleire fakturaer

Du kan ikkje betale avgift for fleire køyretøy med den same fakturaen. Du kan heller ikkje betale avgift for fleire år på den same fakturaen.

Faktura rett i nettbanken

Skatteetaten sender ut fakturaen på papir eller til nettbanken din.  Det er Skatt øst som sender ut faktura for årsavgift køyretøy for heile landet.

Kva skjer om eg betaler for seint?

Dersom du ikkje betaler årsavgifta innan forfallsdatoen må du, uansett årsak, betale ei tilleggsavgift.

Ubetalte krav blir overførte til Statens innkrevjingssentral, som krev inn beløpet frå den som åtte bilen 1. januar. Det vil seie at den tidlegare eigaren får tvungen trekk i lønn eller trygd. Statens innkrevjingssentral kan òg ta pant i eigedelar.

Dersom ikkje alle avgifter er betalte innan fristen på purringa, får du vedtak om avskilting i juni. Bilen blir då avskilta ved kontroll.

Tjuveri

Du må betale årsavgift sjølv om køyretøyet er stole i 2016. Vi refunderer avgifta automatisk i første del av 2017 for den tida køyretøyet har vore stole dersom du har meldt tjuveriet til politiet. Du får ikkje refundert avgift dersom køyretøyet kjem til rette innan 30 dagar etter at det blei meldt stole til politiet. Refusjonen blir utbetalt til personen som var registrert eigar av køyretøyet då det blei meldt stole.

Dødsfall

Årsavgifta må betalast sjølv om eigaren er død.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.