Kjøpe eller selje bil

  • Skriv ut

Ved eigarskifte må den nye og den tidlegare eigaren avtale kven som skal betale årsavgifta. Fakturaen blir sendt til den som eig bilen 1. januar i det året avgifta gjeld for.

Skatteetaten fordeler ikkje årsavgifta mellom ny og tidlegare eigar. Begge er ansvarlege for at avgifta blir betalt.

Ny bil

Dersom du har kjøpt ny bil, får du tilsendt faktura for årsavgifta om lag ein månad etter registreringa. Forfallsdatoen på fakturaen er den 30. i månaden etter registreringsmånaden. Kjøper du til dømes ny bil og registrerer han i april, får du tilsendt fakturaen i midten av mai med forfallsdato 30. mai.

Dette gjeld ikkje om du kjøper ny bil i januar. Då er forfallsdatoen 30. mars.

Hugs at du òg skal betale omregistreringsavgift.

Avregistrert bil

Kjøper du ein bil som er avregistrert, er det den som står som eigar av bilen på registreringstidspunktet som får tilsendt faktura.

Full eller halv årsavgift?

    • Registrerer du bilen mellom 1. januar og 30. juni, betaler du full årsavgift.
    • Registrerer du bilen mellom 1. juli og 31. desember, betaler du halv årsavgift.

Kva skjer dersom den tidlegare eigaren ikkje har betalt årsavgifta?

Faktura for årsavgifta blir første gong sendt ut til den som står som eigar 1. januar i det året, med forfall 20. mars.

    • Skjer eigarskiftet i perioden 1. januar til 20. mars, får den nye eigaren tilsendt faktura for årsavgifta.
    • Skjer eigarskiftet etter 21. mars, og årsavgifta ikkje er betalt, får den nye eigaren faktura med tilleggsavgift.

Kva skjer om årsavgifta ikkje blir betalt?

Dersom du ikkje betaler årsavgifta innan forfallsdatoen må du, uansett årsak, betale ei tilleggsavgift.

Ubetalte krav blir overførte til Statens innkrevjingssentral, som krev inn beløpet frå den som åtte bilen 1. januar. Det vil seie at den tidlegare eigaren får tvungen trekk i lønn eller trygd. Statens innkrevjingssentral kan òg ta pant i eigedelar.

Dersom ikkje alle avgifter er betalte innan fristen på purringa, får du vedtak om avskilting i juni. Bilen blir då avskilta ved kontroll.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.