Bruk av tilhengjar for tunge køyretøy

  • Skriv ut

Skal du trekkje tilhengjar, eller bruke ein annan tilhengjar enn det bilen er registrert for, må du melde dette til ein av Statens vegvesen sine trafikkstasjonar.

Du skal då registrere nye opplysningar om kva køyretøyet skal brukast til. Kravet om vektårsavgift blir deretter fastsett av Skatteetaten.

Skal du bruke ulike tilhengjarar, må du bruke satsen for den kombinasjonen av køyretøy som gir høgast avgift. Dette må minimum vere satsen for det same køyretøyet utan tilhengjar.

Døgnavgift ved sporadisk bruk av tilhengjar

Bruker du tilhengjar sporadisk, kan du heller velje å betale ein døgnsats på 2 prosent av full vektårsavgift. Dette gjeld òg dersom du bruker ein annan tilhengjar enn det køyretøyet er registrert med.

Du må sende melding til Skatteetaten for å registrere døgnavgiften. Avgifta må vere betalt inn før du kan køyre med hengjar. Dersom det ikkje er mogeleg å betale inn avgifta før du skal køyre, må du melde frå til Skatteetaten.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.