Avgiftsfri diesel

  • Skriv ut

Dersom du ved ein feil fyller avgiftsfri diesel (merkt diesel), må du melde frå til Skatteetaten.

Avgiftsfri diesel er friteken for vegbruksavgift, og skal berre brukast i traktorar, motorreiskapar og liknande.

Dette må du gjere

Kontakt Skatteetaten omgåande.

Du kan anten ringe til Skatteetaten eller bruke kontaktskjemaet. Skal du melde frå utanom opningstidene våre, må du gjere dette via kontaktskjemaet.

Kva skjer når eg seier ifrå?

Skatteetaten vil krevje ei avgift på talet på liter som er fylt.

Du kan berre få løyve til å betale inn avgift ved feilfylling éin gong.

Kva skjer dersom eg ikkje seier ifrå?

Dersom du ikkje melder feilfyllinga til Skatteetaten, og det blir oppdaga ved kontroll, må du betale ei avgift. Avgifta er 20 000 kroner for personbilar. Dette gjeld òg for andre køyretøy med tillaten totalvekt under 3 500 kg. Tyngre motorvogner får høgare avgift.

Fyller du avgiftsfri diesel fleire gonger, kan Skatteetaten påleggje avgift med dobbel sats. Både eigaren og den som disponerer køyretøyet er ansvarlege for å betale avgifta, uavhengig av kven som faktisk har fylt avgiftsfri diesel.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.