• Skriv ut
  • 1 Eigen bil

Eigen bil

Du kan ikkje bruke eigen bil i Noreg, dersom bilen er registrert i utlandet.

Det finst nokre få unntak:

  • du skal demonstrere eit utanlandsregistrert køyretøy
  • du skal bruke eit utanlandsregistrert køyretøy ved flytting til eller frå Noreg
  • du skal køyre eit utanlandsregistrert køyretøy gjennom Noreg
  • du skal bruke eit utanlandsregistrert køyretøy kortvarig i einskilde tilfelle, for eit fast tidsrom og med klart namngjevne personar og køyretøy

Før du tek med bilen til Noreg, må du søkje om køyreløyve. Dette må dokumenterast.

Køyretøy som er registrerte på Svalbard

Dersom du er fastbuande på Svalbard og skal på ferie til Noreg, kan du søkje om løyve til å bruke køyretøyet. Du kan få innvilga køyreløyve for inntil tre månader per kalenderår. Før du tek med bilen til Noreg, må du søkje om køyreløyve for mellombels bruk av køyretøy registrert på Svalbard.

Du må betale årsavgift for køyretøyet. Ver merksam på at om du flyttar til fastlandet, må du fortolle og betale avgifter for køyretøyet.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.