• Skriv ut
  • 1 Firmabil

Firmabil

Du kan søkje om å få bruke utanlandsregistrert firmabil dersom arbeidsgivaren din er etablert utanfor Noreg. Løyvet blir gitt i periodar på inntil 12 månader.

Før du tek med bilen til Noreg, må du søkje om køyreløyve for utanlandsregistrert firmabil.

Det er du som skal søkje, ikkje arbeidsgivaren din. Skal du bytte firmabil må du søkje om nytt køyreløyve.

For å kunne bruke utanlandsregistrert firmabil må du òg oppfylle desse vilkåra:

  • Arbeidsgivaren din stiller ein bestemt utanlandsregistrert bil til rådvelde for deg
  • Bilen er nødvendig for at du skal få utført arbeidsoppgåvene dine
  • Bilen skal ikkje brukast meir enn 183 dagar i løpet av ein 12 månaders periode. I den same perioden må bilen ikkje brukast meir privat og i jobbsamanheng i Noreg enn han blir brukt i jobbsamanheng i utlandet. Dette blir målt i talet på kilometer.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.