• Skriv ut
  • 1 Mellombels opphald i Noreg

Mellombels opphald i Noreg

Oppheld du deg mellombels i Noreg, kan du bruke utanlandsregistrert køyretøy i inntil to år.

Inntil eitt år

Skal du opphalde deg i Noreg i inntil eitt år, kan du bruke utanlandsregistrert køyretøy utan å søkje om køyreløyve. Du må til kvar tid kunne dokumentere at opphaldet ikkje overstig eitt år frå tidspunktet for innreise. Med innreisetidspunktet meinast det tidspunktet du reiser inn til Noreg, ikkje tidspunktet køyretøyet vert innført.

Inntil to år

Skal du opphalde deg i Noreg i inntil to år, må du søkje om mellombels køyreløyve for det andre året. Du må dokumentere at opphaldet ikkje blir meir enn to år frå tidspunktet for innreise.

Du må søkja om mellombels køyreløyve innan eitt år regnet frå ditt innreisetidspunkt.

For at opphaldet ditt skal reknast som mellombels kan du ikkje ha opphalde deg eller vore folkeregistrert i Noreg i meir enn 365 dagar i løpet av dei to siste åra før innreisetidspunktet.

 

 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.