Eigarskifte

  • Skriv ut

Ved eigarskifte må du betale omregistreringsavgift. Dette er ei avgift som berre blir betalt når bilen eller køyretøyet blir registrert på ein ny eigar, og skal ikkje betalast ved førstegongsregistrering i Noreg.

Dette gjer du ved eigarskifte

Skatteetaten har ansvaret for å krevje inn omregistreringsavgifta, mens melding om eigarskifte og det praktiske rundt dette skjer hjå Statens vegvesen. Les meir om dette hjå Statens vegvesen.

Etter at Statens vegvesen har teke imot salsmeldinga, får den nye eigaren tilsendt faktura for innbetaling av omregistreringsavgifta. Du kan òg betale omregistreringsavgifta på trafikkstasjonen.

Når innbetalinga er betalt og alle nødvendige forhold er i orden (EU-kontroll, forsikring og liknande), utferdar trafikkstasjonen vognkortet til den nye eigaren.

Bilforhandlarar bør nytte Autoreg. Les meir om Autoreg hjå Statens vegvesen.

Hugs årsavgifta

Ved eigarskifte må den nye og den tidlegare eigaren også avtale kven som skal betale årsavgift. Fakturaen blir send til den som eig køyretøyet 1. januar i det året avgifta gjeld for.

Avgiftsfritak

Ein kan gi fritak for betaling av omregistreringsavgifta. Dette gjeld:

Følgjande fritak behandlast i sjølvforsyningløysinga til Statens vegvesen: 

  • Køyretøy som har vore registrert i meir enn 30 år
  • Køyretøy som har vore registrert på same eigar to månader eller mindre
  • Slette køyretøyet sin medeigar
  • Endre køyretøyet sin registrerte medeigar til eigar
  • Omregistrering mellom ektefellar (gjeld ikkje mellom sambuarar)

Ved heving av kjøp må du senda inn søknad til Skatteetaten.

Betale frå utlandet

Dersom du skal betale omregistreringsavgift frå utlandet, kan du ha bruk for opplysningar om bankkontoen vår.

Betale årsavgift eller omregistreringsavgift frå utlandet

Dersom du skal betale årsavgift eller omregistreringsavgift frå utlandet, kan du ha bruk for opplysningar om bankkontoen vår.

Betalt for mykje?

Dersom du har betalt for høg omregistreringsavgift, kan du søkje om tilbakebetaling. Du må gi opp kjennemerket på køyretøyet, KID-nummeret du brukte og kva for ein bankkonto du betalte beløpet frå.

Det er ein føresetnad at Statens vegvesen allereie har gjennomført omregistreringa, det vil seie at du har teke imot vognkortet i ditt namn.

 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.