Drosje

  • Skriv ut

Har du importert ein bil som skal nyttast som ordinær drosje, skal du betale ei lågare eingongsavgift.

Eingongsavgifta skal berre betalast éin gong, og er ei avgift som må betalast første gong eit køyretøy blir registrert i Noreg. Skal du importere eit køyretøy som skal nyttast som drosje, må du kontakte Statens vegvesen for å få godkjenning. Etter at køyretøyet er godkjend må du betale eingongsavgifta og vrakpantavgifta. Avgifta betaler du på nettet i betalingsløysinga for eingongsavgift eller i nettbanken din. Køyretøyet kan no registrerast hos Statens vegvesen.

Dersom verksemda har kreditt for eingongsavgift, kan du ta kontakt i skranken hos Statens vegvesen.

Når du registrerer køyretøyet som drosje må du leggje ved denne dokumentasjonen:

  • ordinært drosjeløyve
  • registreringskortet (NA-0221 – blir utlevert ved fortollinga)
  • COC for typegodkjenning (gjeld berre for nye køyretøy)

Skal du ikkje lenger bruke køyretøyet som drosje?

Reduksjonen gjeld berre dersom køyretøyet blir brukt som drosje i minst 3 år. Dersom du tek køyretøyet ut av drift før det har gått 3 år, er du pliktig til å søke Skatteetaten om opphør av køyretøyet som drosje og betale eingongsavgifta som står att. Søknaden må innehalde grunngjeving og dato for opphøyr. Du må leggje ved denne dokumentasjonen:

  • Ordinær drosjeløyve
  • Vognkort 
  • Førarkort

Dersom køyretøyet skal brukes som erstatningskøyretøy, får du ikkje reduksjon i engongsavgifta. I dei tilfella må du også melde frå til Skatteetaten.

Har du levert inn løyvet?

Skjer dette før det har gått 3 år på det noverande bilenkøyretøyet, har du plikt til å melde frå til Skatteetaten og betale restavgift.
Dersom køyretøyet på dette tidspunktet er frikøyrd, har du også plikt til å oppsøkje ein trafikkstasjon for å endre statusen på køyretøyet til personbil i avgiftsgruppe A.

Videreføring av køyretøy som drosje på annet løyve

Hvis køyretøyet skal vidareførast som drosje på eit anna løyve må du sende ein søknad om dette til Skatteetaten. I søknaden må du leggje ved denne dokumentasjonen:

  • Ordinær drosjeløyve på gammal og ny eigar
  • Vognkort
  • Førerkort på gammal og ny eigar

Meirverdiavgift

Dersom du sel køyretøyet innan 4 år, eller køyretøyet ikkje lenger skal nyttast som drosje, må du òg betale tilbake meirverdiavgifta som står att.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.