Bruksfrådrag

  • Skriv ut

Når du importerer ein bruktbil kan du få redusert eingongsavgifta. Dette kallar vi bruksfrådrag. Det finst to metodar for å rekne ut bruksfrådraget og du vel sjølv kva for ein du vil bruke.

Du får redusert eingongsavgifta etter kor gammal bilen er. Det blir gitt eit prosentvis frådrag som aukar jamleg fram til bilen er 30 år. Bruksfrådraget reknar ein ut frå tidspunktet då køyretøyet blei registrert første gong i utlandet, og fram til tidspunktet då køyretøyet blir registrert første gong i Noreg.

Når ein reknar ut eingongsavgifta og bruksfrådraget, nyttar ein opplysningane om køyretøyet som er lagt inn i motorvognregisteret.

Vis bruksfrådragstabellen

Alternativ utrekning

Du kan òg velje ei alternativ utrekning av bruksfrådraget. Denne gir deg ikkje eit prosentvis frådrag, men er ei meir individuell utrekning som baserer seg på pris og kilometerstand.

Alternativ utrekning av bruksfrådraget er krevjande, og ein må ha omfattande og konkret informasjon om køyretøyet. Det er derfor ikkje mogeleg for skatteetaten å gi konkrete vurderingar på førehand om kva for utrekning som lønner seg.

Hugs at dersom du søkjer om utrekning etter den alternative metoden, er den bindande.

Slik søkjer du om alternativ utrekning

Du registrerer bilen og betaler eingongsavgifta med det ordinære bruksfrådraget.

Etter dette kan du søkje om å få rekna ut bruksfrådraget etter den alternative utrekningsmetoden. Fristen for å søkje er 15 yrkedagar.

Kredittkundar: Dersom du har kreditt for eingongsavgift, må du melde frå til trafikkstasjonen om dette seinast når du registrerer bilen. Dette gjeld òg dei som registrerer køyretøy i Autoreg.

Rekn ut sjølv

Du kan rekne ut bruksfrådraget med både vanleg og alternativ metode i kalkulatoren vår for import av bil.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.