CO2-utslepp ved utrekning av eingongsavgift

  • Skriv ut

CO2-avgifta er ei miljøavgift. Som hovudregel bruker Skatteetaten CO2-utsleppa til køyretøyet når vi reknar ut eingongsavgifta.

Når bruktimporterte køyretøy skal godkjennast, registrerer Statens vegvesen både sylindervolum og CO2-utslepp dersom opplysningane er tilgjengelege. Dersom Statens vegvesen har registrert CO2-utslepp, skal ein nytte dette når ein reknar ut avgiftene.

Når ein reknar ut eingongsavgifta for bilar nyttar ein slagvolum dersom CO2-utslepp ikkje er registrert i motorvognregisteret.

Eingongsavgifta for motorsyklar skal reknast ut slik:

Motorsyklar med registrert informasjon om utslepp skal reknast ut på grunnlag av CO2-utslepp og slagvolum.

Motorsyklar utan registrert informasjon om utslepp skal reknast ut på grunnlag av motoreffekt, slagvolum og stykkavgift.

Dette todelte systemet for avgiftsberekninga gjeld for motorsyklar som vert registrert etter 1. juli 2017. Skatteetaten vil ved avgiftsberekninga forhalda seg til dei data som er registrert i motorvognregisteret.

Motorsyklar med registrerte CO2-utslipp opp til og med 75 g/km skal ikkje betala avgift på CO2. For utslipp frå og med 76 g/km til og med 140 g/km er satsen 630 kroner. For CO2-utslipp frå og med 141 g/km er satsen 800 kroner.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.