Fritak og reduksjon for eingongsavgift

  • Skriv ut

Det er fritak for eingongsavgifta for enkelte køyretøygrupper. Du får informasjon om betalingsmetode når du er hjå Statens vegvesen for å godkjenne og registrere køyretøyet.

Køyretøy som får fritaket umiddelbart

I dei fleste tilfelle kan du få rekna ut fritaket omgåande hjå Statens vegvesen. 

Du må ta med deg  'Melding til avgiftsberegning og registrering' (blankett NA-0221) og følgjande dokumentasjon:

  • Ambassadekøyretøy
    Stadfesting frå Utenriksdepartementet (A2-skjema)
  • Ambulanse
    Stadfesting frå regionalt helseforetak om at køyretøyet skal inngå i helseforetakets ambulanseteneste
  • Arva køyretøy
    Informasjonsbrev frå Tolletaten om innførsel av køyretøy som arvegods
  • Gravferdskøyretøy
    Attestasjon frå kirkeverge, prest eller lensmann om at firmaet driv gravleggingsverksemd og forklaring frå gravleggingsbyrået om behov for køyretøyet og egenerklæring om at dei er kjend med vilkåra for avgiftsfritaket
  • Drosje
    Ordinært drosjeløyve
  • Elbil og andre elektriske køyretøy
    Krev ingen ytterlegare dokumentasjon
  • Køyretøy som skal førstegongsregistrerast på Svalbard
    Fråsegn frå Sysselmannen på Svalbard
  • Buss registrert på løyvehaver
    Utvidet drosjeløyve
  • NATO-køyretøy
    Stadfesting frå NATO
  • Rallybilar
    Lisens frå Noregs Bilsportforbund
  • Trial-/enduromotorsykkel til konkurransebruk
    Lisens frå Noregs Motorsportforbund
  • Veterankøyretøy
    Krev ingen ytterlegare dokumentasjon

Køyretøy som må søkja om fritak på førehand


I einskilde tilfelle må du søkje om fritak for eingongsavgifta. 

Denne dokumentasjonen må du leggje ved dei ulike køyretøygruppene:

  • Snøscooter registrert på humanitær organisasjon
    Dokumentasjon på at køyretøy skal nyttast av ein humanitær organisasjon i ambulansetenesta
  • Køyretøy som brukar etanol til fremdrift
    Dokumentasjon på at køyretøyet kan nytta etanol som drivstoff
  • Buss registrert på organisasjon til transport av funksjonshemma
    Fråsegn frå sosial-/helsemyndigheit om transportbehovet
  • Buss registrert på løyvehavar (Drosje-buss)
    Informasjon om løyve, løyvenummer, organisasjonsnummer til løyvehavar
  • Spesialutrusta køyretøy til bruk for brannvesenet
    Dokumentasjon på at køyretøyet er registrert på brannvesen
  • Lett pansra køyretøy til offentleg bruk
    Teknisk informasjon om sikringsgrad og informasjon om eigar. Det er eit krav om registrering på offentleg etat.

I tillegg må du leggja ved følgjande dokumentasjon:

  • Registreringskort (NA-0221) med informasjon om køyretøyet


For å få fritak for eingongsavgifta må du sende ein søknad til Skattetaten.

Endringar av fritak


Dersom fritaket ikkje lenger er gyldig, må du betale eingongsavgifta som står att. Døme på dette er drosjer, ambulanse eller gravferdsbil som blir tekne ut før bindingstida på 3 år. Du må då melde frå til Skatteetaten.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.