NOx-utslepp

  • Skriv ut

NOx-avgifta er ei miljøavgift for utslepp av nitrogenoksid (NOx). Utsleppa bidreg til luftvegssjukdommar, at det blir danna ozon nær bakken og sur nedbør.

Nye bilar

Du finn opplysningar om NOx-utslepp i nybilveljaren til Statens vegvesen.

Bruktbilar

Køyretøyet må godkjennast hjå Statens vegvesen. Då blir NOx-utsleppet på køyretøyet registrert i det sentrale motorvognregisteret. Det er desse NOx-dataa Skatteetaten bruker når vi reknar ut eingongsavgifta. For køyretøy som manglar NOx-data i Autosys, bruker vi stipulert NOx-utslepp som vist i tabellen nedanfor.

Første gongs registrering i utlandet Stipulert avgiftsgrunnlag (mg/km)
  Bensin Diesel
01.01.2011 eller seinare (svarar til Euro 5) 60 180
01.01.2006 – 31.12.2010 (svarar til Euro 4) 80 250
31.12.2005 eller tidlegare (svarar til Euro 3 og eldre) 150 500

Sats

Avgifta blir rekna ut per kilo faktisk utslepp av nitrogendioksid (NOx). Satsen for 2015 er 19,19 kroner per kilo. Les meir om NOx-avgifta

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.