Slik importerer du bil

  • Skriv ut

Framkomst norsk grense

Når du kjem til Noreg må du kome via ein av Tolletatens betente grenseovergangar, og melde deg på raud sone.

Sjå ei oversikt over tollstader på toll.no

Dersom ikkje tollmyndigheitene i utlandet allereie har utferda eit transitteringsdokument, er det Tollvesenet på grensa som utferdar dette. Transitteringsdokumentet er eit dokument som gir deg løyve til å disponere det utanlandsregistrerte køyretøyet frå den norske grensa til den lokale tollstaden din (destinasjonstollstaden). Kva tollstad dette er, blir oppgitt i transitteringsdokumentet.

Dersom køyretøyet er forsikra, kan du bruke gyldige utanlandske skilt (kjennemerke) fram til den lokale tollstaden din.

Ønskjer du å betale meirverdiavgifta allereie når du passerer grensa, må du undersøkje dette direkte med grenseovergangen i forkant.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.