Slik importerer du bil

  • Skriv ut

Fortoll og betal meirverdiavgift hjå Tolletaten

Du skal no betale meirverdiavgift og ei eventuell avgift for klimagass i køyretøyet sitt klimaanlegg (aircondition). Dette kallar vi fortolling.

Du må innan ein tidsfrist (vanlegvis 1-3 dagar) melde deg på destinasjonstollstaden. Ta med desse dokumenta:

  • transitteringsdokumentet som du fekk av anten utanlandske eller norske tollmyndigheiter
  • faktura eller kjøpekontrakt som viser den faktiske kjøpesummen, og ein eventuell fraktfaktura og dokumentasjon på andre utgifter som er påkomne før køyretøyet blei teke med inn i Noreg (til dømes forsikring). Eventuelt kan du ta med ein oppdatert takst på køyretøyet frå opphavslandet dersom du ikkje har kjøpt dette nyleg.
  • originalt utanlandsk registreringsdokument, eventuelt samsvarssertifikat (COC).

Sjå oversikt over tollstader.

Ved fortollinga får du eit registreringskort som heiter Melding til avgiftsutrekning og registrering (blankett NA-0221). Dette dokumentet skal du ha med deg til Statens vegvesen.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.