Slik importerer du bil

  • Skriv ut

Kjøp prøveskilt eller bruk utanlandske skilt

Du kan køyre med utanlandsregistrerte skilt i inntil 30 dagar etter at kjøretøyet er fortolla. Du må ha gyldige skilt, vognkort og forsikring. Dersom køyretøyet ikkje har dette, kan du bruke det berre dersom det har gyldige prøveskilt (dagsprøvekjennemerke).

Du kan kjøpe prøveskilt hjå ein av Statens vegvesen sine trafikkstasjonar. Vegvesenet treng dokumentasjon på understellsnummeret (chassis-nummeret) for å utferde prøveskilt.

Det er du som er ansvarleg for at kjennemerka og forsikringa er gyldig. Er du i tvil om kjennemerka er gyldige, kan du ta kontakt med Statens Vegvesen eller rett instans i utlandet. Det er mogeleg å teikne trafikkforsikringsforeininga si grenseforsikring hjå Tollvesenet.

Forhandlarar som har årsprøvekjennemerke (prøveskilt for forhandlarar) kan nytte desse.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.