Slik importerer du bil

  • Skriv ut

Registrering hjå Statens vegvesen

Ein kan no registrere køyretøyet hjå ein av trafikkstasjonane til Statens vegvesen.

Hjå dei fleste trafikkstasjonane til Statens vegvesen må du bestille time for å registrere køyretøy.

Ved registreringa må du ta med ein del dokument, mellom anna det attesterte registreringskortet (blankett NA-0221). Sjå ei oversikt over alle dokumenta du må ta med hjå Statens vegvesen

Når Statens vegvesen har registrert køyretøyet, får du eit mellombels vognkort. Det originale vognkortet (2 delar) blir sendt i posten. Du kan ikkje køyre utanlands med det provisoriske vognkortet.

Når du registrerer køyretøyet på trafikkstasjonen, må du levere inn eventuelle utanlandske skilt (kjennemerke). Dersom du allereie har levert inn skilta, må du dokumentere dette før du kan få norske skilt.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.