• Skriv ut
  • Ikkje busett i Noreg

Har du familiemessig tilknyting utanfor Noreg?

Du blir rekna for å ha familiemessig tilknyting utanfor Noreg dersom du

  • bor saman med ektefelle eller barn under 18 år utanfor Noreg, og
  • oppsøkjer dei jamleg

Kva tyder "jamleg"?

Med jamleg meiner vi vanlegvis minst éin gang per månad.

Dersom det er sjeldnare besøk, gjer vi ei heilskapleg vurdering av talet på besøk og kor lenge desse varer. Vi tek òg omsyn til avstanden mellom Noreg og heimlandet.

Har du familie i fleire land?

Du kan berre ha familiemessig tilknyting til eitt land. Dette må vurderast i kvart einskild tilfelle.

Dersom du til dømes har barn i utlandet og bur saman med ektefelle og barn i Noreg, talar dette for at du har familiemessig tilknyting til Noreg.

Dersom du er usikker, kan du kontakte oss.

 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.