• Skriv ut
  • 1 Mellombels opphald i Noreg

Dersom du skal opphalde deg i Noreg mellombels i inntil eitt eller to år, kan du bruke utanlandsregistrert køyretøy i denne perioden.

Du må til kvar tid kunne dokumentere at opphaldet ditt ikkje kjem til å overstige eitt eller to år frå innreisetidspunktet. Med innreisetidspunktet meiner vi det tidspunktet du reiser inn til Noreg, ikkje det tidspunktet køyretøyet blir innført til Noreg.

For at opphaldet ditt skal reknast som mellombels, kan du ikkje ha opphalde deg eller vore folkeregistrert i Noreg i meir enn 365 dagar i løpet av dei to siste åra før innreisetidspunktet ditt.

Inntil eitt år

Dersom du kan dokumentere at du skal opphalde deg i Noreg i inntil eitt år, kan du bruke utanlandsregistrert køyretøy utan å søkje om køyreløyve.

Inntil to år

Dersom du skal opphalde deg i Noreg i inntil to år, må du søkje om mellombels køyreløyve for det andre året. Du må søkje innan eitt år rekna frå innreisetidspunktet ditt. Søknaden sender du ved å logge på Altinn. Du må rekne med minst 14 dagars sakshandsamingstid.

Meir enn to år

Dersom du skal vere i Noreg i meir enn to år, blir ikkje opphaldet rekna som mellombels.

Ver merksam på følgjande:

  • Du må allereie på innreisetidspunktet og gjennom heile opphaldet, kunne dokumentere at du har mellombels opphald i Noreg. Dette inneber til dømes at du ikkje kan vere arbeidssøkjande på innreisetidspunktet.
  • Dersom situasjonen din endrar seg slik at du blir rekna for å ha fast opphaldsstad i Noreg, må du utføre eller fortolle køyretøyet. Det finst likevel somme unnatak for personar med fast opphaldsstad i Noreg.
  • Dersom du ikkje følgjer regelverket må du betale avgifter. Du kan òg bli pålagt tilleggsskatt.
  • arbeidskontrakt i Noreg som er tidsavgrensa
    studieplass i Noreg
    papir som viser at du skal returnere til arbeid i utlandet (til dømes innvilga permisjonssøknad)
    papir som viser at du leiger ut din eigen bustad i utlandet (til dømes utleigekontrakt)

Døme på dokumentasjon

  • arbeidskontrakt i Noreg som er tidsavgrensa
  • studieplass i Noreg
  • papir som viser at du skal returnere til arbeid i utlandet (til dømes innvilga permisjonssøknad)
  • papir som viser at du leiger ut din eigen bustad i utlandet (til dømes utleigekontrakt)

Usikker?

Reglane for avgiftsfri innførsel og mellombels bruk finn du i forskrift om avgiftsfri innførsel og midlertidig bruk av utenlandsregistrert motorvogn i Norge

Sjå òg Skattedirektoratet sine kommentarar til forskrifta i årsrundskriv for eingongsavgift for utfyllande informasjon.

Du kan òg kontakte oss.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.